Program for haustsemesteret 2024
- Webmaster

- 9. juni 2024
- 2 min lesing
Torsdag 29. august kl. 11
Kjersti Sortland: Aftenbladet og den nye mediesituasjonen

Mediebransjen er i rask endring. Digitale plattformer tek over forpapiraviser. Sosiale, uredigerte medium utfordrar dei redaktørstyrte, oger blitt effektive forum for polarisering og spreiing av falske nyheiter.Medievanane blir stadig meir ulike mellom grupper og generasjonar.Medieøkonomien er blitt meir krevjande.
Aftenbladet er det største mediehuset i vår region. Korleis møter dei dennye mediesituasjonen? Kva konsekvensar får den for journalistikken og forAftenbladet sine mål og strategiar? Kva rolle spelar eigarskap, og kan meirsamarbeid innan mediebransjen vera ein del av løysinga?
Kjersti Sortland (f. 1968) er sjefredaktør i Stavanger Aftenblad sidan 2021. Ho har bak seg einlang karriere som journalist, redaktør og medieleiar. Før ho kom til Aftenbladet, var ho i åtteår ansvarleg redaktør i Budstikka i Asker og Bærum.
Torsdag 26. september kl. 11
Audun Aas: Smertemysteriet

Me har alle, i varierande grad, kjent på smerte. Men kvifor oppleverme det som kan gjera vondt, så ulikt? Kva slags forhold gjer ossutsette for smerte, og kva kan gjera oss motstandsdyktige? Kviforhar kvinner meir vondt enn menn, og kvifor har folk i Norge meirvondt enn andre i Europa?
Det er tema for foredraget til Audun Aas. Han går i liten grad inn påkonkrete diagnosar, medikament og behandlingsmetodar, men giross eit overordna blikk på fenomenet smerte, ispedd mange pussigeog overraskande fakta.
Audun Aas (f. 1950) er pensjonert anestesilege med bakgrunn frå Smerteseksjonen ved Sykehuset Østfold. I 2018 gav han ut boka «Smerteboken – fra vondt til bedre».
Torsdag 31. oktober kl. 11
Sigrid Rege Gårdsvoll: Blir Trump president på nytt?

På tidspunktet for dette foredraget er det berre fem dagar igjen til det amerikanske presidentvalet. I skrivande stund ligg det an til eit svært jamt val, med Donald Trump eit lite hestehovud framfor Joe Biden på meiningsmålingane.
Kan Trump verkeleg gjera comeback og få ein ny fireårsperiode i Det kvite huset? Kven røystar på han, og kvifor gjer dei eigentleg det? Og kvifor er det berre nokre få tusen røyster som avgjer valet i eit land med over 300 millionar innbyggjarar?
Sigrid Rege Gårdsvoll (f. 1987) frå Sola er journalist og kommentator i avisa Vårt Land og for AmerikanskPolitikk.no. Ho har sidan 2020 kommentert amerikanske val for fleire norske medium. Gårdsvoll er utdanna lærar og har også jobba med kommunikasjon i frivillige organisasjonar og i Den norske kyrkja.
Foto: Erlend Berge
Torsdag 28. november kl. 11
Åse Wetås: Skriv me norsk i Norge om femti år?

Norsk språk har tilsynelatande ein sterk posisjon. Nordmenn er eitlesande og skrivande folk. Dei fleste les ei eller fleire aviser dagleg,bøker går framleis i store opplag, og norskspråklege forfattarar,med Jon Fosse i spissen, vert lagt merke til internasjonalt.
Samstundes er språket vårt under press, særleg frå engelsk, somdominerer i teknologi, internasjonalt næringsliv og populærkultur.Og digitalisering og kunstig intelligens fører til at me stadig oftarekan overlata skrivejobbane til maskinar. Kva følgjer får det for evnaog viljen til å oppretthalda bruken av norsk på allesamfunnsområde? Kva utfordringar stiller utviklinga til den norske språkpolitikken? Og kva med minoritetsspråka våre?
Åse Wetås (f. 1972) frå Sandnes er språkforskar og leksikograf. Sidan 2015 har ho voredirektør i Norsk Språkråd, som er ansvarleg for å følgja opp den norske språkpolitikken ogarbeider for å styrkja norsk språk og språkmangfaldet i landet vårt.
Foto: Oda Hveem



