Om oss
Her kan du finne informasjon om kven vi er og kva vi står for. Les vedtektene våre for ei fullstendig oversikt over føremål og organisering. Organisasjonen blir leia av eit engasjert styre. Sjå styremedlemmene våre for ei oversikt.
Jæren Senioruniversitet vart stifta i april 2011, og første forelesing var 29. september 2011.
JSU er ein suksess! Medlemstalet er no 140.
Gjennom forelesingar og ekskursjonar tilbyr JSU innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse.
JSU planlegg 9 forelesingar og i tillegg 1 ekskursjon i året.
JSU har, dersom anna ikkje er annonsert, møtestad på Time bibliotek den siste torsdagen i månaden frå kl 11 til 13.
Målet er at JSU skal få flest mogleg medlemmer, men forelesingane er opne for alle. Medlemmer har fri tilgang, andre betaler kr 100. Du melder deg inn ved å klikka på “Bli medlem” i menyen. Fyll ut skjemaet
Her får du også informasjon om korleis du betalar kontingent.
JSU kan kontaktast på epost ved å senda mail til ein av styremedlemene, sjå liste.
Postadressen er c/o Tom Hetland, Stemmen 1, 4346 Bryne
Bankkonto: 3325.38.18609
Organisasjonsnummer: 996 979 075
Samarbeid med andre senioruniversitet
Jæren senioruniversitet har avtalar med andre senioruniversitet om gratis adgang til deira møte.
Medlemmer av Jæren senioruniversitet (JSU) har gratis adgang til følgande andre senioruniversitet: Dalane senioruniversitet (DSU), Pensjonistuniversitetet Stavanger (PUS) og Senioruniversitetet for Ytre Ryfylke (SUFYR). For Sandnes senioruniversitet (SSU) er situasjonen at dei har så store utgifter, at dei må ta inngangspengar i tillegg til medlemskontingent også for eigne medlemmer. Medlemmer i JSU betalar inngangspengar på lik linje med medlemmer i SSU - for tida kr 120,- pr møte.
Var du medlem i JSU i fjor, er det bare å betala årets medlemskontingent på kr 500,- til bankkonto 3325.38.18609, så har du også gratis adgang til dei andre senioruniversiteta nevnt over. Avtalane er baserte på tillit, så du seier bare ifrå ved inngangen at du er medlem i JSU. Når det gjeld Sandnes senioruniversitet (SSU), må du som nevnt over kjøpa billett på førehand. Lenke til kjøp av billett finn du lenger nede på sida.
Er du pr nå ikkje medlem i JSU, kan du melda deg inn på heimesida vår (sjå lenke under), og deretter betala kontingenten til bankkontoen vår nevnt over. Melder du deg inn etter 1. juni (altså kun for andre halvår), er kontingenten kr 250,-.
Under følger lenker til dei respektive senioruniversiteta:
Jæren senioruniversitet (JSU)
https://www.jaeren-senioruniversitet.no/
Hå senioruniversitet
https://www.hasenioruniversitet.no/#
Dalane senioruniversitet (DSU)
Sandnes senioruniversitet (SSU)
https://www.sandnessenioruniversitet.no/
Lenke til billettkjøp: https://tix.no/nb/sandnes/specialoffer/xo3tibg7cg5km/
Pensjonistuniversitet Stavanger (PUS)
Senioruniversitetet for Ytre Ryfylke (SUFYR)

Siste nytt
Lurer du på hvem vi er og hva vi står for? Les mer under Om oss.
Følg med på kva som skjer hos oss! Les våre artiklar og oppdateringar under siste nytt.
Vi har eit spennande program for kommande semester! Sjå programmet vårt og bli inspirert av førelesarane våre.
