top of page

Vedtekter

Vedtekter for Jæren Senioruniversitet (JSU)

 

§1 Formål
JSU er ein møtestad på dagtid for alle seniorar uansett alder. Gjennom forelesingar/ foredrag blir det gitt innføring i ulike fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse. I tillegg kan det arrangerast ekskursjonar og turar.

 

§2 Organisasjon
JSU er ein sjølvstendig organisasjon tilmeldt Brønnøysundregisteret, organisasjonsnummer 996 979 075.

 

§3 Medlemskap
Alle seniorar kan bli medlemmer.

​

§4 Styret
JSU vert leia av eit styre som består av sju medlemmer og to varamedlemmer. Varamedlemmene har møte-, tale- og forslagsrett. Styreleiar og varamedlemmer blir valde for eit år, resten av styret for to år.
Styret konstituerer seg sjølv. Sekretæren fungerer som dagleg leiar med dei fullmaktene som styret til ei kvar tid har delegert. Styret kan fatta vedtak når minst fem medlemmer er til stades. Vedtak krev at minst fire stemmer for.

​

§5 Årsmøtet
Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Styret kallar inn til årsmøte med minst tre vekers varsel. Forslag til årsmøte må skje skriftleg og vera styret i hende seinast to veker før årsmøtet. Årsmøte skal behandla desse sakene:

​

  1. Val av møteleiar, referent og to til å underteikna protokollen.

  2. Styret si årsmelding.

  3. Revidert årsrekneskap.

  4. Godkjenning av kontingent.

  5. Val av styreleiar, styremedlemmer og varamedlemmer.

  6. Val av revisor for eit år.

  7. Val av medlemmer til valkomité, alle for to år. Valkomiteen har tre medlemmer. Ein/to medlem(er) går vekselvis ut kvart år. Valkomiteen vel sjølv leiar.

  8. Innkomne forslag.

​

Alle val og vedtak vert gjort med alminneleg fleirtal. Det skal vera ved skriftleg votering dersom nokon ber om det

​

§6 Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn av styret eller når minst 30 medlemmer krev det skriftleg. Berre sak(ene) som er grunnlag for innkallinga, kan behandlast på ekstraordinært årsmøte. Ekstraordinært årsmøte skal haldast tidlegast tre veker etter det skriftlege kravet er framsett og seinast åtte veker etter.

​

§7 Endringar av vedtekter
Endring av vedtektene skjer på ordinært årsmøte og krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte.

​

§8 Oppløysing av JSU

Foreininga kan oppløysast etter 2/3 fleirtal på to påfølgjande ordinære årsmøte. Laget sine eigendelar skal i tilfelle oppløysing tildelast formål som samsvarer med laget sine formål.


Vedteke i styremøte 9. februar 2012 og av årsmøtet 22.03.2012.

Endring av vedtektene vedteke 28. mars 2019.

Bli medlem!

Siste nytt

Lurer du på hvem vi er og hva vi står for? Les mer under Om oss.

​

Følg med på kva som skjer hos oss! Les våre artiklar og oppdateringar under siste nytt.

​

Vi har eit spennande program for kommande semester! Sjå programmet vårt og bli inspirert av førelesarane våre.

bottom of page