Program for vårsemesteret 2027


Alle møta i Storsalen, Time bibliotek.
Torsdag 28. januar kl. 11.00:
Anders Kvernberg: Skal det heita Wiig eller Vik?
Wiig eller Vik? Ree eller Re? Kvernaland eller Kverneland? I foredraget til Anders Kvernberg får me sjå døme på fantasifulle stavemåtar og bitre bygdekranglar om norske stadnamn.
Som ein del av nasjonsbygginga på 1800-talet blei geografiske namn endra for å signalisera avstand til den danske kolonimakta, og inspirasjonen blei henta både frå det norrøne og frå talemålet. Men denne endringa førte også til forvirring og debattar om namn, språk og identitet. Stadnamn og slektsnamn blei ofte skrivne forskjellig, og ikkje alle var fortrulege med dei nye namna. Framleis kan skrivemåten av namn skapa strid i norske lokalsamfunn, og Jæren er ikkje noko unntak.

Anders Kvernberg (f. 1981) er spesialbibliotekar og kartekspert ved avdeling for fag og forsking ved Nasjonalbiblioteket. I 2026 gav han ut boka Ukjent terreng – 50 historier om kart, mennesker og et moderne Norge. Han har også laga videoserien «Kort om kart», som ein kan finna på YouTube.
Torsdag 25. februar kl. 11.00:
Hans Vik: Den nye kriminaliteten
Kriminaliteten i samfunnet endrar seg og går «frå gata til data». Medan talet på drap var rekordlågt i 2025 og tradisjonelle vinningsbrotsverk har minka over tid, kjem det inn nye former for kriminalitet, som digital svindel, overgrep på nett og grensekryssande organisert kriminalitet som også rekrutterer mindreårige.
Desse lovbrota er ofte vanskelege å etterforska og krev ny kompetanse og store ressursar frå politiet. Korleis handterer politiet denne utviklinga? Korleis kan ein unngå at etterforskinga av «tradisjonelle» lovbrot blir skadelidande når ein må leggja større innsats i kampen mot dei nye kriminalitetsformene? Og kor mykje ressursar blir til overs for førebygging?

Hans Vik (f. 1963) har 40 års erfaring frå politiet. Sidan 2017 har han vore politimeister i Sør-Vest politidistrikt, som vart oppretta i samband med politireforma og dekker Rogaland, Sunnhordland og Sirdal. Før det var han politimeister i Rogaland politidistrikt. Frå august til november 2026 har Vik fungert som assisterande politidirektør.
Torsdag 18. mars kl. 11.00:
Kirsten Sandberg Natvig: Hva gjør vi når noen dør?
Det dør rundt 40.000 nordmenn i året. Tilbake står de etterlatte med et hav av plikter og gjøremål de ikke visste de hadde.
Kirsten Sandberg Natvig ble enke for fem år siden, og ble slått av det byråkratiske kaoset hun ble kastet ut i som etterlatt. De siste års digitalisering av samfunnet har gjort det enda verre.
Dødsfall, gravferd, arv og skifte reguleres av 68 ulike lover, som ofte er kompliserte. Etterlatte blir også ofte overrumplet av at avtaler som den avdøde har inngått på vegne av husstanden, som internett og strøm, blir slettet, og at inkassovarsler og uvennlige brev fyller opp postkassen.

Kristin Sandberg Natvig (f. 1966) er utdannet siviløkonom fra Norges Handelshøyskole og har i hele sitt liv jobbet med utviklingshjelp til Afrika, Asia og Latin-Amerika. For tiden er hun daglig leder i ressurssenteret Scanteam AS.
Torsdag 29. april kl. 11.00:
Einar Lunde: Kinas nye Silkeveg
Medan krigane i Ukraina, Iran og Gaza og president Donald Trumps mange eksentriske innfall dominerer mediebildet, lurer Kina i bakgrunnen. Kva vil den nye økonomiske supermakta, som snart kan måla seg med USA?
Kinesarane viser musklar, og tenkjer globalt og langsiktig. Dei pøser milliardar inn i Afrika. Dei sikrar seg kontroll over verdifulle mineral. Og ikkje minst: dei gjenoppliver den gamle Silkevegen gjennom Asia til Europa – eit gigantisk infrastrukturprosjekt som er større enn noko verda før har sett.
Bør me sjå på Kinas framvekst som ein trussel? Og kva bør Norge gjera? Dette er blant spørsmåla Einar Lunde stiller i foredraget sitt.

Einar Lunde (f.1943) arbeidde i NRK i over 40 år, som ankermann i Dagsrevyen og Afrika-korrespondent. Etter at han slutta i NRK, har han mellom anna vore reiseleiar, debattleiar, forfattar og foredragshaldar.
Torsdag 27. mai kl. 11.00:
Sigrun K. Ertesvåg: Kva har skjedd i klasserommet?
Dei siste tiåra har den norske skulen vore gjennom store endringar, drivne av digitalisering, nye læreplanar og endra elevåtferd.
Det er vanskeleg å seie at «alt var betre før». Men klasserommet var annleis. Skulen har gått frå eit klasserom der læraren i stor grad styrte, elevane sat stille og mykje av arbeidet handla om pugging, reproduksjon og disiplin, til ein skule med meir elevaktivitet, samarbeid, tilpassing og vekt på forståing og deltaking.
Det har gitt gevinstar, men òg nye utfordringar. Kva ved det gamle klasserommet kan me tene på ta tilbake, og kva er det moderne klasserommet betre på? Ikkje minst er spørsmålet kvar vegen vidare bør gå.

Sigrun K. Ertesvåg (f. 1965) er professor i pedagogisk psykologi ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger. Ho har leia fleire store forskingsprosjekt med vekt på relasjonar mellom lærarar og elevar, og betydninga dette har både for elevane si læring og for lærarane sin trivsel og ork til å vere i jobben. Gjennom dette arbeidet er ho ein av dei som har sett innsida av flest klasserom her i landet.



