top of page

Program for haustsemesteret 2026

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • for 6 døgn siden
  • 3 min lesing

Oppdatert: for 5 døgn siden

Under følger programmet for haustsemesteret 2026, og me håper å ha funne fram til interessante tema og forelesarar. Vel møtt!



Benn Folkvord: På jakt etter det gode skattesystemet

Torsdag 27. august kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotek


Å betala skatten sin med glede er det neppe alle som gjer. Men skatt er heilt nødvendig for at eit moderne samfunn skal gå rundt. Skatteunndraging og skatteflukt svekkar statane si evne til å gi innbyggjarane nødvendige tenester og aukar forskjellen mellom rik og fattig. Samstundes er det viktig at skattesystemet vert opplevd som fornuftig og rettferdig for at borgarane skal vera lojale mot det.


To professorar frå Jæren, Benn Folkvord og Annette Alstadsæter, har nyleg fått 40 millionar kr frå Forskingsrådet for å byggja opp eit norsk miljø som skal forska på desse problemstillingane. I foredraget vil Folkvord snakka om korleis og kvifor skatteunndraging skjer, og kva samfunnet kan gjera for å hindra det.


Foto: UiS
Foto: UiS

Benn Folkvord (f. 1974) bur på Bryne. Han er professor i norsk skatterett ved Universitetet i Stavanger, nestleiar i Skatteklagenemnda og forfattar av fleire bøker om skatterett.







Bård Ose: Beatles og kvinnene

Torsdag 24. september kl 1100 i Storsalen, Time bibliotek


Bård Ose (f. 1960) var i 27 år musikkmedarbeidar i NRK. Han er kanskje mest kjend for dei 1100 laurdagane med radioprogrammet P.I.L.S. (Populærmusikk ispedd litt sladder), som han var programleiar for saman med Finn Tokvam. Han har også vore vokalist i fleire band, og har gitt ut 15 bøker om musikk og artistar, i tillegg til å vera skrivande medredaktør for det store verket «Norsk pop- og rockleksikon».


Foto: HIHAT Management
Foto: HIHAT Management

Etter at han slutta i NRK, har Ose satsa på eit liv som forfattar og foredragshaldar. I musikkforedraget «Beatles og kvinnene» fortel han om korleis kvinnene, og då spesielt mødrene, inspirerte dei fire gutane frå Liverpool til å laga mange av dei mest kjende songane sine. Dette er det mest populære foredraget til Bård Ose, der låtten heng laust og tårene pressar seg fram.





Jette F. Christensen: Demokrati under press

Torsdag 29. oktober kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotek


Etter Murens fall og slutten på den kalde krigen var demokratiet lenge på frammarsj i verda. Dei siste åra har denne utviklinga snudd. Ein rapport frå Göteborgs universitet viser at 74 prosent av menneska på jorda nå lever i autoritære statar, og at det liberale demokratiet er under press i mange land. Tendensen er mest alvorleg i Donald Trumps USA, som har falle frå 20. til 51. plass på demokratiindeksen berre det siste året. 


Foto: Stortinget
Foto: Stortinget

Jette F. Christensen (f. 1983) frå Eigersund er utdanna statsvitar og sat på Stortinget  for Hordaland Arbeidarparti 2010-2021. Etter at ho gjekk ut av aktiv politikk, har ho halde fram med å vera opptatt av vilkåra for demokratisk styring. I 2024 gav ho ut boka "Demokratiet, det er oss - ti sårbarheter i verdens beste folkestyre", og ho tar opp problemstillingane som foredragshaldar og kommentator i den politiske nettavisa Altinget. Ho kjem til oss på eit svært aktuelt tidspunkt, fem dagar før kongressvalet i USA som kan avgjera kor stort handlingsrom Trump får i siste del av presidentperioden sin.



Møte med Nina Lykke

Torsdag 26. november kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotek


Nina Lykke (f.1965) er ein av våre mest populære samtidsforfattarar. I romanane sine tek ho pulsen på dagens velferdssamfunn, med eit satirisk blikk på den moderne vestlege middelklassen og «dei stigande forventningars misnøye».


Den best kjende romanen hennar er «Full spredning. En legeroman» som kom i 2019. Den gav henne Brageprisen og vart omsett til 18 språk. Romanen er også dramatisert og oppført på Nationaltheatret.

Andre viktige bøker er «Nei og atter nei» (2016), «Vi er ikke her for å ha det morsomt» (2022) og «Hvor er de voksne?» (2025).



Foto: Forlaget Oktober
Foto: Forlaget Oktober

Nina Lykke blir intervjua av Kristin Aalen, forfattar, bokmeldar og tidlegare kulturjournalist i Stavanger Aftenblad.






















































bottom of page