top of page

Sofie Braut: Kva skjer i Kristen-Noreg?

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • for 22 timer siden
  • 1 min lesing

Torsdag 26. mars kl. 11.00 i Storsalen, Time bibliotek


Statskyrkja vart oppheva i 2012, og dei siste åra har utviklinga gått i retning av meir mangfald og større sprik mellom ulike delar av i Kristen-Noreg, både når det gjeld tru og politikk. Alt i 2003 peika Makt- og demokratiutgreiinga på kyrkjeleiarane som den mest radikale av elitegruppene i Noreg. Samstundes har meir konservative retningar hatt vind i segla i seinare tid, særleg innan frikyrkjene. Debattane i kjølvatnet av drapet på Charlie

Kirk og KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland sine utsegner om abort er eksempel på det.

Korleis skal me forstå denne utviklinga? Kor mykje er utslag av norske forhold, og kor mykje er impulsar frå utlandet, særleg USA? Og kva er forholdet mellom tru og politikk?


Foto: Johanna Hundvin Almelid, Dagen
Foto: Johanna Hundvin Almelid, Dagen

Sofie Braut (f. 1977) bur på Hognestad. Ho har hovudfag i engelsk litteratur frå Universitetet i Bergen og har mellom anna arbeidd som lektor på Tryggheim og som skribent og litteraturmeldar i Aftenbladet og Vårt Land. I  2023 vart ho tilsett i avisa Dagen, frå september 2025 som redaktør, og er ein profilert kommentator i spørsmål omkring religion og politikk.

bottom of page