Rabatterte konsertbillettar

Jæren senioruniversitet tilbyr rabatterte billettar til konsertar med Britt-Synnøve Johansen og Elias Akselsen i Storstova

KVELDSLYS.
Konsert med Britt-Synnøve Johansen i Storstova torsdag 8. oktober 2026.
Og samtale med Tom Hetland frå scena.
Ei av Noregs vakraste stemmer er ute
med nytt album. Britt-Synnøve Johansen slapp si nye kritikarroste utgjeving «Kveldslys» i januar. Den 8. oktober kjem ho til Storstova.
«Kveldslys». Smak på ordet: Det går mot kveld. Det mørknar. Men det finst framleis lys. Eit lunt, mjukt lys.
Britt-Synnøve Johansen er den vesle kvinna med den store stemma og ei formidlingsevne av dei sjeldne. Ho har sunge Edit Piaf på norsk, tango på norsk, eigen og andres musikk full av store kjensler.
På «Kveldslys» er stemninga rolegare, tekstane modne, vemodige og ettertenksame.
Men varmt og uendeleg vakkert er det framleis.
Som ein kveld i lunt lys.
«Kveldslys» er eit sårt, nært og ærleg album. Melodiane er skrive av hennar etter kvart faste komponist, Ragnvald Wernøe (Leiar av Hå kulturskule). Tekstane har ho også denne gong skrive sjølv. Personlege, men lett gjenkjennelege for alle.
Korleis går ho fram når ho skriv, kva som driv ho, kvifor ho skriv om det ho gjer, det skal me få eit djupdykk i denne dagen i ein samtale frå scena mellom Tom Hetland og Britt-Synnøve.
Britt-Synnøve er kjent for å bergta dei som kjem for å høyra på henne. Med «Kveldslys» er ho igjen klar for å dele songar og historiar me alle kan kjenne oss igjen i.
Musikarar:
Rasmus Solem: Piano
Magnus Rød Haugland: Kontrabass
Arrangørar:
Senioruniversitetet og Storstova
Billettkjøp
Bruk lenka under, og i kodefeltet skriv du inn koden: oktober2026

Konsert med Elias Akselsen i Storstova tysdag 20. oktober kl 1900.
Har du ein gong vore på konsert med Elias gløymer du det aldri.
Oldebarnet til taterkongen Stor-Johan er fødd på vegen og høyrer til den eldste generasjonen som har taterkulturen i blodet; både den musikalske kulturen og handverkstradisjonane med knivarbeid og vispelaging.
Rundt bålet lærte han tatervisene og dei religiøse visene som var brukt i generasjonar. I ungdomsåra budde han også i Sverige og samarbeidde med mellom anna Cornelis Vreeswijk og Fred Åkerström. I dag er Akselsen evangelist i pinsekirka, og mange av platene hans har ei religiøs vinkling.
Med si særeigne stemme og utstråling er Akselsen den fremste representanten for romanifolket sin rike musikk- og songtradisjon i Noreg. Han har vunne mange prisar for musikken sin både i eige namn og gjennom samarbeida han har hatt med framståande musikarar som Stian Carstensen og Ola Kvernberg.
Akselsen har ikkje spela i Rogaland på fleire år, og dette vert hans einaste opptreden her i 2026, så på alle vis vert dette ei oppleving av dei sjeldne.
Billettkjøp
Bruk lenka under, så får du billett til kroner 290,- mot ordinær pris kroner 380.



