Jette F. Christensen: Demokrati under press

Torsdag 29. oktober kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotek
Etter Murens fall og slutten på den kalde krigen var demokratiet lenge på frammarsj i verda. Dei siste åra har denne utviklinga snudd. Ein rapport frå Göteborgs universitet viser at 74 prosent av menneska på jorda nå lever i autoritære statar, og at det liberale demokratiet er under press i mange land. Tendensen er mest alvorleg i Donald Trumps USA, som har falle frå 20. til 51. plass på demokratiindeksen berre det siste året.

Jette F. Christensen (f. 1983) frå Eigersund er utdanna statsvitar og sat på Stortinget for Hordaland Arbeidarparti 2010-2021. Etter at ho gjekk ut av aktiv politikk, har ho halde fram med å vera opptatt av vilkåra for demokratisk styring. I 2024 gav ho ut boka "Demokratiet, det er oss - ti sårbarheter i verdens beste folkestyre", og ho tar opp problemstillingane som foredragshaldar og kommentator i den politiske nettavisa Altinget. Ho kjem til oss på eit svært aktuelt tidspunkt, fem dagar før kongressvalet i USA som kan avgjera kor stort handlingsrom Trump får i siste del av presidentperioden sin.



