top of page

Roger Sevrin Bruland: Dramatiske år i Europa

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • for 5 døgn siden
  • 2 min lesing

Oppdatert: for 22 timer siden

NB! Ekstra møte torsdag 12. mars kl. 12.00 i Storsalen, Time bibliotek


Som tidlegare annonsert, måtte Bruland melda avbud til det oppsatte møtet med han 26. februar. Nå kan han i staden koma 12. mars - noko styret har takka ja til og legg inn som eit ekstra møte i vårsemesteret.


I februar 2020 ramma det dødelege koronaviruset Europa for fullt. To år seinare, i februar 2022, invaderte Russland nabolandet Ukraina – ei hending som førte til ufattelege lidingar for både sivile og soldatar. På berre to år opplevde Europa dei største krisene sidan andre verdskrigen.

Roger Sevrin Bruland var kanskje den norske journalisten som kom aller tettast på desse hendingane. Som Europa-korrespondent for NRK med base i Berlin rapporterte han frå frontlinjene i krisene: frå overfylte sjukehus nord i Italia under pandemien til den blodige fronten i Ukraina. 

I foredraget fortel Bruland om møta sine med menneske, både med og utan makt, på reiser i eit Europa i unntakstilstand. Han reflekterer også over framtida for verdsdelen vår.


For dei som vil forbereda seg litt til møtet, har Bruland gjort ein avtale med bokhandelen Norli slik at dei nå har boka hans klar for salg der.

For dei som ikkje har anledning å kjøpa boka i forkant, vil Bruland selga signerte eksemplar i pausen på møtet.


Foto: Radoslaw Dimitrow / Team Berlin
Foto: Radoslaw Dimitrow / Team Berlin

Roger Sevrin Bruland (f. 1977) er frå Stryn i Nordfjord. Han tenestegjorde i dei fredsbevarande styrkane i Bosnia og Kosovo, og slo seinare inn på journalistikken. Nå har han sagt opp i NRK, teke over foreldra sitt småbruk og fått jobb som kommunikasjonsleiar ved Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) i Førde. Han er aktuell med boka «Team Berlin – Europakorrespondent 2019-2023».

bottom of page