top of page

Kjell Olav Stangeland: Torvald Tu – Frå det lyse fastland

  • Forfatterens bilde: Sigbjørn Serigstad
    Sigbjørn Serigstad
  • 16. nov.
  • 1 min lesing

Oppdatert: 18. nov.

Torsdag 27. november kl. 11.00 i Storsalen Time bibliotek


Torvald Tu (1893-1955) er ein av dei mest folkekjære forfattarane på Jæren. Han var allsidig og flittig. Lista over utgivingane hans tel heile 70 titlar: skodespel, romanar, forteljingar og dikt.

På Jæren er han nok mest kjend for dei humoristiske stubbane på jærdialekt, der han tok folkeliv og lynne i landsdelen vår på kornet og viste lesarane eit anna Jæren enn Garborgs mørke fastland. Han har også skrive jærsongen «Sjå Jæren, gamle Jæren», som sambuaren Trygve Stangeland sette tone til. Men Torvald Tu vart også lagt merke til på den nasjonale arenaen. Mellom anna gjorde folkekomedien «Kjærleik på Lykteland» stor suksess på Det Norske Teatret i 1923.



Foto: Privat
Foto: Privat

Kjell Olav Stangeland (f.1948) er frå Bryne. Han var lærar i ungdomsskulen og deretter i 26 år tilsett i Jærbladet som journalist og i 2008-2013 ansvarleg redaktør. Stangeland har også vore dagleg leiar i Bryne FK og sit i Time kommunestyre. I 2021 gav han ut boka Frå utmark til by – historia om Bryne.



bottom of page