top of page

Jørn Øyrehagen Sunde: Demokratiet og rettsstaten i fare Torsdag 29. september kl 11:00

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • 23. juli 2022
  • 1 min lesing

Demokrati, rettsstat og menneskerettar er avløyste av autoritære regime i Russland, Ungarn,Polen og Tyrkia. Den positive utviklinga i land som Kina og India har snudd,og sjølv i USA og Storbritannia har utviklinga dei siste åra vore urovekkjande. Då erdet ikkje tale om tilfeldige episodar, men om ein global trend. Krigen i Ukraina viser kor gale det kan gå når kritikk og maktkontroll ikkje lenger er mogeleg.


Kva er årsakene til denne utviklinga, og korleis kan den best møtast for å ta vare på demokratiet, rettsstaten og menneskerettane – grunnleggjande kvalitetar ved samfunnetslik me kjenner det?


Jørn Øyrehagen Sunde er jurist og rettshistorikar. Han har vore professor ved Universitetet i Bergen, men har frå 2019 vore tilknytt Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. For tida leier han eit prosjekt om politiets historie i Norge. Sunde er ein uvanleg aktiv formidlar, og det kan nemnast at han også er tilknytt Baroniet i Rosendal i heimkommunen Kvinnherad som historikar.


Jørn Øyrehagen Sunde
Jørn Øyrehagen Sunde

bottom of page