Bjørn Hagerup Røken «For ein gjeng med bønder!»
- Webmaster

- for 3 timer siden
- 1 min lesing
Torsdag 28. mai kl. 11.00 i Storsalen, Time bibliotek
I 2026 er det hundre år sidan Bryne FK vart stifta. Fotballen har vore viktig for å setja Bryne på kartet, både gjennom fotballaget sine prestasjonar med cuptriumfen i 1987 som høgdepunkt, og gjennom Erling Braut Haaland sin suksess internasjonalt. Nå kjem også kvinnene for fullt.
Bryne FK har markert seg med kreative PR-stunt som har vekt oppsikt både nasjonalt og i utlandet. Medan supporterar frå andre lag bruker «bønder» som skjellsord, har Bryne FK gjort det til eit heidersmerke å ha røter i den jærske jorda. I foredraget snakkar marknadssjef Bjørn Hagerup Røken om korleis klubben arbeider med PR-arbeid og profilering, og kvifor fotballen har fått ei så sentral rolle i vår tid.

Bjørn Hagerup Røken (f. 1983) har studert media ved Universitetet i Bergen og reklame ved Norges Kreative Fagskole. Han har mellom anna arbeidd i Lokomotiv Media og vore dagleg leiar på Mellombels Ølstove før han i mars 2022 begynte som marknadssjef i Bryne FK.


