top of page

Tur til Finnøy 22. september

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • for 1 døgn siden
  • 2 min lesing

Bli med på tur til Finnøy – med historisk sus og ei mengd tomatar!

Ei heilt spesiell oppleving med tomatar, middelalderstemning og handverk på jordnært vis. Lunt, løye og lærerikt.



Kl 0900: Avreise med buss frå Bryne stasjon


Kl 1000: Ankomst Ladstein der Tor Øyvind Skeiseid, kvardagsleg leiar, Ryfylke Livsgnist, møter oss. Han vil vera med oss som guide og vertsskap heile dagen.

 

Tor Øyvind tar oss med på ein tur med underhaldning og omvising. Finnøy har ei rik historie og mangfaldig landbruks- og handverkskultur. Rundt på øya får me omvising i Lauvsnes Gartneri, gongkaker med tomatsyltetøy og julestemning i Hesby kyrkje – uavhengig av årstid!

 

Me startar i gartneriet, med 30 000 kvadratmeter med tomatar. Gongkakene er dessutan Finnøy sin nasjonalrett, og eit herleg lønsjmåltid. Me skal også vitja Sølvsmeden på Finnøy, der me får sjå korleis ein produserer bunadssølv mm. Dette er skikkeleg puttel!

 

På Hesby får ein verkeleg merka at Finnøy er eit historisk sentrum. Ja, visste du at Norge blei styrt herfrå på 1300-talet?

 

Utsøkt heimelaga middag og dessert får me i dei flotte lokala til Arena Utsyn. Deretter blir det ein uhøgtidleg og original historiequiz. For kva har me lært i dag? Dessutan, kva kan me av anna historie av så ymse slag. Løye blir det!


Kl 1620: Avreise frå Arena Utsyn. På vegen heim stoppar me ca 15 minutt på Finnøy Heimgard, og går innom Gardsbutikken der.


Kl 1800: Ankomst Bryne stasjon


Påmelding = innbetaling til konto 3325.38.18609 innan 01.09.26.

NB! Husk å skriva navn på deltakar(ar) påmeldinga gjeld i feltet «Legg til melding».

Og det er «først til mølla» som gjeld!

Pris medlemmer: kr 1.200, pris ikkje-medlemmer: kr 1.400.


Har du glutenintoleranse eller melkeallergi, gi beskjed til Øyvind Mjølsnes på

oyvind.mjolsnes@lyse.net, eller telefon 901 94 776, så vil dette bli tatt omsyn til ved måltida.

bottom of page