Haustsemesteret
- Webmaster

- 28. nov. 2011
- 1 min lesing
Takk for eit godt haustsemester. Forelesingane har hatt eit gjennomsnittleg tilhøyrartal på 125! Vi har funne ei akseptabel løysing på plassproblema i Time bibliotek. I auditoriet er det plass til maksimum 110 personar. I tillegg tek vi i bruk høgtalar, kanon og skjerm i den delen av biblioteket som er i tilknyting til auditoriet (2. etg.). Tilhøyrarane vert då delte med omlag 100 i auditoriet og 40 i biblioteket.
Kontingent og inngangspengar
Interimstyret i JSU har funne det nødvendig å auka medlemskontingenten til kr 500. Det er ikkje lenger rabatt for to med same adresse. Ikkje-medlemmer betaler kr 100 i inngangspengar. Endringa vil bli lagt fram for årsmøte til godkjenning.
Neste forelesing er 26.01.2012
Professor og seksjonsleiar ved Norges veterinærhøgskole, Institutt for produksjonsdyrmedisin, Seksjon for småfeforskning og husdyrhelse, Sandnes,
Martha J. Ulvund foreles over temaet “Veterinærmedisin – en utfordring for mennesker og dyr”.

Ho er Cand. med. vet frå Norges veterinærhøgskole, 1969, Dr. scient (patologi) 1974 frå Norges veterinærhøgskole, Dr.med. vet 1990 frå Norges veterinærhøgskole og Europeisk spesialist i småfehelse (Diplomate, Small Ruminant Health and Management, Dip. ECSRHM) 2008. Martha J Ulvund har brei vitskapleg produksjon med mange refererte artiklar, konferanse proceedings, bøker og/eller kapittel i bøker. Medlem i mange akademiske og profesjonelle komitear, nasjonalt og internasjonalt.



