Erfaringar så langt
- Webmaster

- 27. okt. 2011
- 1 min lesing
JSU har fått ein ”pangstart”
Dei to første forelesingane har vore ein gedigen suksess med eit stigande tilhøyrertal.
Over 130 ville høyra Geir Sverre Braut.
SU kan ikkje halda fram med å avvikla forelesingane i Time bibliotek sitt auditorium. Lokalet er ikkje stort nok for oss. Alternative løysingar vil bli drøfta i styret og med biblioteket sin leiar. Informasjon om dette før neste forelesing.
Neste forelesing torsdag 24.11.
Torsdag 24.11. vil seniorrådgjevar i Statoil, geolog Per Arne Bjørkum

forelesa over temaet “Sannheter i forandring” med eksempel frå vitenskapen si historie. Han har mellom anna skrive boka “Annerledestenkeren”.
Programmet for vårsemesteret er snart klar og vil bli publisert på heimesida vår. I tillegg planlegg vi utsending av eit medlemsbrev. Vanleg brev går til dei JSU ikkje har e-postadresse til. Medlemmer som ikkje får brevet på e-post sjølv om dei har slik adresse, bes melda frå om dette til jsu@jkn.no



