22. februar: Kommuneoverlege Øystein Fjetland Øgaard
- Webmaster

- 9. feb. 2018
- 1 min lesing
Ottar Grepstad samla 131 tilhøyrarar til si førelesning om Vinje.
Det vart mest om Vinje, forsamlinga kjende vel godt til Garborg frå før meinte han.
Men det var interessant å få høyra om samspelet mellom Vinje, Aasen og Garborg og tilhøyrarane var vel nøgde.
Neste mann ut er Øystein Fjetland Øgaard med temaet Aldring og alderdom i den digitale tidsalderen. Han tek opp problemstillingar rundt fleire eldre, færre hender, stram kommuneøkonomi og større krav. Korleis skal dette gå? Øgaard er kommuneoverlege, sjukeheimslege og spesialist i allmennmedisin.




