Årsmøte 2020
- Webmaster

- 23. sep. 2020
- 2 min lesing
Oppdatert: 2. sep.
Årsmøte i Jæren SeniorUniversitet 24. september 2020
PROTOKOLL
Til stades: 30 medlemmer
Opning kl. 12:25 ved leiar Tom Hetland
I. Val av referent
Styret sitt forslag: Kristian Staveland
Valt: Som forslag
II. Val av møteleiar.
Styret sitt forslag: Martha Jakobsen Ulvund
Valt: Som forslag
Årsmøteleiar overtok
III. Godkjenning av innkalling.
Møtedato er kunngjort i medlemsbrev for august og september 2020. Sakliste og årsmøtedokument vart sendt til alle medlemmene i februar og sendt ut på nytt med revidert dato 1.9.2020
Årsmøtet sitt vedtak: Innkallinga godkjent
IV. Val av to til å underteikna protokollen
Valt: Reidun Roe Bohne og Knut Hidle
V. Behandling av styret si årsmelding og rekneskap.
(Årsmelding med rekneskap vart vist på storskjerm. Det var ein kort gjennomgang av tekstdelen og rekneskapen ).
Merknad til tekstdelen av årsmeldinga: Ingen merknadMerknad til rekneskap: Ingen merknad
Årsmøtet sitt vedtak: Årsmelding og rekneskap er godkjent
VI. Godkjenning av kontingent for 2021.
Styret sitt forslag: kr. 500,-
Årsmøtet sitt vedtak: Som forslag
VII. Val av nytt styre
Desse er på val:
Tom Hetland, leiar, for 1 år
Turid Løge Hagerup, styremedlem, for 2 år
Berit Ree Magnussen, styremedlem, for 2 år
Tore Wiig, styremedlem, for 2 år
Jan Serigstad, varamedlem, for 1 år
Guri Bergsaker Stokkeland, varamedlem, for 1 år
Valkomiteen si tilråding:
Leiar for eitt år: Tom Hetland
Styremedlemmer for to år:
Turid Løge Hagerup
Berit Ree Magnussen
Tore Wiig
Varamedlemmer for eitt år:
1. Jan Serigstad
2. Guri Bergsaker Stokkeland
Revisor: Jon Laland
Valde:
Leiar: Som forslag
Styremedlemmer: Som forslag
Varamedlemmer: Som forslag
Revisor: Som forslag
I tillegg er Åse Helgeland, Øyvind Nordsletten og Kristian Staveland med i styret. Dei er valde for 2 år i 2019 og er ikkje på val i år.
VIII. Valkomité for 2020.
Møteleiar sitt forslag: Arnstein Jonsbråten (attval) og Leif Jørgensen
Valde: Som forslag
Maria Hauge er valt for 2 år i 2019 og er ikkje på val
Leiar, Tom Hetland avslutta årsmøtet.
Årsmøtet heva kl. 12:45
Reidun Roe Bohne Knut Hidle
(sign.) (sign.)

