top of page

Protokoll årsmøtet 2026

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • 15. apr.
  • 2 min lesing

Årsmøte i Jæren Senioruniversitet 26.mars 2026



Til stades: 30 medlemmar.


Opning av leiar Tom Hetland kl 13.15


Sak 1.       Val av referent og møteleiar

                    Styret sitt forslag:

Referent: Margreta Hauge Clementsen

Møteleiar: Jarle Braut


Valde: Som forslag


Årsmøteleiar Jarle Braut overtek.


Sak 2.      Godkjenning av innkalling       

                    Innkalling er sendt til alle medlemmar 11.03.26, og er i tillegg lagt på heimsida.

                    Årsmøte sitt vedtak: Innkallinga er godkjent.


Sak 3.      Val av to til å skriva under protokollen

                    Valde: Sigrun Undheim Stangeland og Njål Spanne


Sak 4.      Årsmelding og rekneskap

                    Årsmelding og rekneskap finn du ved å opne denne lenka:


Kort gjennomgang av årsmelding ved leiar Tom Hetland, og av rekneskapen ved kasserar Tore Wiig.

Merknad til årsmeldinga: Ingen merknad

Merknad til rekneskap: Imponerande rekneskap, variert program og utruleg at det ikkje går med meir til honorar til føredragshaldarar.


Årsmøte sitt vedtak: Årsmelding og rekneskap for 2025 er godkjent.


Sak 5.      Kontingent for 2027

                    Styret sitt forslag: Årskontingent kr 500, haustsemester kr 250

                    Årsmøte sitt vedtak: Som forslag


Sak 6.      Val av styre, revisor og valkomite

                    Følgande styre- og varamedlemmar er på val:


Styreleiar Tom Hetland – 1 år

                    Styremedlem Else Marie Lid Rasmussen – 2 år

                    Styremedlem Tore Wiig – 2 år

                    Styremedlem Margreta Hauge Clementsen – 2 år

                    Varamedlem Heidi Ottesen Steinskog – 1 år

                    Varamedlem Øyvind Mjølsnes – 1 år


Desse ønskjer ikkje gjenval: Else Marie Lid Rasmussen og Tore Wiig


(Desse er ikkje på val: Sigbjørn Serigstad, Bjarne Emil Time og Aud Steinsland)


Valkomiteen si innstilling til nytt styre

                    Styreleiar: Tom Hetland – 1 år (gjenval)

                    Styremedlem: Heidi Ottesen Steinskog – 2 år (ny som styremedlem)

                    Styremedlem: Øyvind Mjølsnes - 2 år (ny som styremedlem)

                    Styremedlem: Margreta Hauge Clementsen - 2 år (gjenval)

1.    varamedlem: Sigrun Stangeland - 1 år (ny)

2.    varamedlem: Njål Spanne - 1 år (ny)


Revisor: Jon Laland – 1 år (gjenval)


Valkomite:

                    På val: Kjell Olav Stangeland. Han ønskjer ikkje gjenval.

                    (Desse er ikkje på val: Åsa Helgeland og Guri Bergsaker Stokkeland)


Styret si innstilling: Tore Wiig – 2 år (ny)


Valde:          Leiar : som forslag

                                        Styremedlemmar: Som forslag

                                        Varamedlemmar: Som forslag

                                        Revisor: Som forslag

                                        Valkomite: Som forslag


Sak 7:      Innkomne saker

                    Ingen innkomne saker



Nyvald leiar avslutta årsmøte

Årsmøte heva kl 13:30



Kvernaland 26.03.26

ref. Margreta Hauge Clementsen




 

Siste innlegg

Se alle
Protokoll årsmøte 2025

Årsmøte i Jæren Senioruniversitet 27.mars 2025 Til stades: 23 medlemmar Opning ved leiar Tom Hetland kl. 12.50 I. Val av referent . Styret sitt forslag: Guri Bergsaker Stokk

 
 
bottom of page