Årsmøte 2019
- Webmaster

- 28. mars 2019
- 2 min lesing
Årsmøte i Jæren SeniorUniversitet 28. mars 2019
PROTOKOLL
Til stades: 21 medlemmer
Opning kl. 13:00 ved leiar Tom Hetland
I. Val av referent
Styret sitt forslag: Kristian Staveland
Valt: Som forslag
II. Val av møteleiar.
Styret sitt forslag: Martha Jakobsen Ulvund
Valt: Som forslag
Årsmøteleiar overtok
III. Godkjenning av innkalling.
Møtedato er kunngjort i medlemsbrev for november 2018 og januar 2019. Sakliste og årsmøtedokument er sendt til alle medlemmene 3. mars 2019.
Årsmøtet sitt vedtak: Innkallinga godkjent
IV. Val av to til å underteikna protokollen:
V. Behandling av styret si årsmelding og rekneskap.
(Årsmelding med rekneskap vart vist på storskjerm. Det var ein kort gjennomgang av tekstdelen og rekneskapen ).
• Merknad til tekstdelen av årsmeldinga: Ingen merknad
• Merknad til rekneskap: Ingen merknad
• Årsmøtet sitt vedtak: Årsmelding og rekneskap er godkjent
VI. Godkjenning av kontingent for 2020.
Styret sitt forslag: kr. 500,-
Årsmøtet sitt vedtak: Som forslag
VII. Revidering av vedtektene for JSU
Årsmøtet sitt vedtak: Årsmøtet godkjenner dei reviderte vedtektene slik endringane er markert med gul bakgrunn i det framlagte endringsforslaget
VIII. Val av nytt styre
Desse er på val:
Tom Hetland, leiar, for 1 år
Åse Helgeland, styremedlem, for 2 år
Øyvind Nordsletten, styremedlem, for 2 år
Kristian Staveland, styremedlem, for 2 år
Jan Sveinsvoll, varamedlem, for 1 år (tar ikkje attval)
Jan Serigstad, varamedlem, for 1 år
Valkomiteen si tilråding:Leiar for eitt år: Tom HetlandStyremedlemmer for to år:
Åse Helgeland
Øyvind Nordsletten
Kristian Staveland
Varamedlemmer for eitt år:
1. Jan Serigstad
2. Guri Bergsaker Stokkeland
Revisor: John Borger Magnussen
Valde:Leiar: Som forslagStyremedlemmer: Som forslagVaramedlemmer: Som forslag Revisor: Som forslag
I tillegg er Turid Løge Hagerup og Berit Ree Magnussen med i styret. Dei er valde for 2 år i 2018 og er ikkje på val i år.
IX. Valkomité for 2019.
Møteleiar sitt forslag: Siv Aasland, Arnstein Jonsbråten og Maria Hauge
Valde: Som forslag
Leiar, Tom Hetland avslutta årsmøtet.
Årsmøtet heva kl. 13:25
(sign.) (sign.)

