Årsmelding 2022
- Sigbjørn Serigstad
- 25. okt.
- 3 min lesing
Jæren senioruniversitet JSU
I. Organisasjon og formål
JSU er ein møtestad for alle seniorar, uansett alder. Gjennom foredrag/forelesingar blir det gitt innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse. I tillegg kan det arrangerast ekskursjonar og turar. JSU er ein sjølvstendig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret. Alt arbeid for organisasjonen er frivillig. JSU har ikkje betalte tilsette.
II. Vedtekter
Vedtektene vart justert i 2019 og er å finna på heimesida til JSU.
III. Medlemmar
Medlemmar ved årsskiftet: 143 (141).
Kommentar: Tala i parentes i meldinga refererer seg til status for 2021.
IV. Styret har i 2022 hatt denne samansetninga:
| Adresse | Telefon | Funksjon | På val |
Tom Hetland | Stemmen 1,4346 Bryne | 911 87 478 | leiar | 2023 |
Åse Helgeland | Eivindsholv 6, 4345 Bryne | 928 18 605 | nestleiar | 2023 |
Finn Audun Bohne | Kong Haraldsgt. 21, 4345 Bryne | 907 85 946 | styremedlem | 2023 |
Else Marie Lid Rasmussen | Dronning Mauds gt.7, 4345 Bryne | 992 64 920 | styremedlem | 2024 |
Guri Bergsaker Stokkeland | Amtm. Årrstadsgt. 25, 4344 Bryne | 952 12 595 | sekretær | 2023 |
Jorunn Jåtten Sel | Tangen 9, 4345 Bryne | 936 98 284 | styremedlem | 2024 |
Tore Wiig | Nordsjøv. 1247 4343 Orre | 970 81 570 | Kasserar og rekneskaps-førar | 2024 |
Jan Serigstad | Kong Sverres gate 17 4344 Bryne | 957 94 113 | Første vara | 2023 |
Kjell Olav Stangeland | Heiakråvegen 9, 4344 Bryne | 976 44 776 | Andre vara | 2023 |
V. Valkomité Arnstein Jonsbråten, Leif Jørgensen og Toril M. Aasland
VI. Revisor Jon Laland
VII. Styreaktivitet Styret har hatt 10 (10) møte og har behandla 62 (53) saker.
VIII. Kontingent
Kontingenten er kr 500,- og fylgjer kalenderåret. Årsmøtet for 2022 fastsette kontingenten for 2023 til kr. 500,-. Styret føreslår uendra kontingent, kr. 500,- for 2024. Nyinnmelde medlemmar etter 1. august betaler kr 250,- for resten av året. Medlemmar betaler ikkje inngangspengar på møta. Ikkje-medlemmar betaler kr 100,-. Vi har avtalt med Pensjonistuniversitetet i Stavanger at deira og våre medlemmar gjensidig går gratis på einannans førelesingar. Kontingenten for 2024 skal godkjennast av årets årsmøte.
IX. Programmet i 2022
Det har vore 9 (5) førelesingar i 2022. Frammøtet i januar var 82 personar, i februar 102 personar, 15. mars (ekstraførelesing) 176 personar, 31. mars 123 personar, i april 158 personar. Førelesningen i mai vart avlyst pga sjukdom. I august 91 personar, i september 93 personar, i oktober 114 personar, i november 107 personar. Til saman 1046 personar møtte på dei 9 arrangementa. Gjennomsnittleg var det då ca 116 personar på kvar førelesing.
Vi meiner at programmet for 2022 har vore godt og solid.
Her er namn på førelesarane og emne for 2022:
Januar: Per Buvik: Garborgs «Trætte Mænd» som ironisk tidsdokument.
Februar: Magnus Matningsdal: Tankar frå eit liv som dommar.
15. mars: Øyvind Nordsletten: Kvifor er det krig i Ukraina?
31. mars: Anne Spurkland: Immunforsvaret og covid 19. Kva har vi lært av pandemien?
April: Kai Eide: Europa i krig – kva gjer vi nå?
Mai: Victor Norman: Distrikts-Norge – utvikling eller forgubbing? Førelesingen avlyst pga sjukdom.
August: Kirsten Jæger Fjetland: Pårørande sin innsats – meiningsfull hjelp eller sovepute for staten?
September: Jørn Øyrehagen Sunde: Demokratiet og rettsstaten i fare?
Oktober: Kjetil Lund: Den dyrebare krafta.
November: Tore Renberg: Om sitt forfattarskap.
Møtestad: Alle møta er haldne i Storsalen, Time bibliotek. JSU takkar for utvist velvilje og godt samarbeid med biblioteket!
Tur
Det vart arrangert tur til Ullandhaug 1. september. 36 deltakarar fekk omvisning og orientering ved Universitetet i Stavanger, Jernaldergarden og Botanisk hage.
Konsert
JSU var medarrangør for Britt-Synnøve Johansen sin konsert, «MØRK SALONG», i Storstova 30. september.
Økonomi og rekneskap
Rekneskapen for 2022 er godkjent av revisor.
Kommentar:
Bankinnskot er summen av brukskonto og sparekonto.

Styret i JSU takkar alle medlemmane for godt oppmøte og støtte.
Bryne, 17 .februar, 2023
Tom Hetland Åse Helgeland Else Marie Lid Rasmussen
Jorunn Jåtten Sel Finn Audun Bohne Tore Wiig
Guri Bergsaker Stokkeland Kjell Olav Stangeland Jan Serigstad

