Årsmelding 2021
- Sigbjørn Serigstad
- 25. okt.
- 3 min lesing
Jæren senioruniversitet JSU
I. Organisasjon og formål
JSU er ein møtestad for alle seniorar, uansett alder. Gjennom foredrag/forelesingar blir det gitt innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse. I tillegg kan det arrangerast ekskursjonar og turar. JSU er ein sjølvstendig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret. Alt arbeid for organisasjonen er frivillig. JSU har ikkje betalte tilsette.
II. Vedtekter
Vedtektene vart justert i 2019 og er å finna på heimesida til JSU.
III. Medlemmar
Medlemmar ved årsskiftet: 141 (133).
Kommentar: Tala i parentes i meldinga refererer seg til status for 2020.
IV. Styret har i 2021 hatt denne samansetninga:
| Adresse | Telefon | Funksjon | På val |
Tom Hetland | Stemmen 1,4346 Bryne | 911 87 478 | leiar | 2022 |
Åse Helgeland | Eivindsholv 6, 4345 Bryne | 928 18 605 | nestleiar | 2023 |
Finn Audun Bohne | Kong Haraldsgt. 21, 4345 Bryne | 907 85 946 | styremedlem | 2023 |
Turid Løge Hagerup | Gjærsmyrv. 18, 4341 Bryne | 911 81 246 | styremedlem | 2022 |
Guri Bergsaker Stokkeland | Amtm. Årrstadsgt. 25, 4344 Bryne | 952 12 595 | sekretær | 2023 |
Berit Ree Magnussen | Eikeberget 10 4340 Bryne | 975 10 246 | styremedlem | 2022 |
Tore Wiig | Nordsjøv. 1247 4343 Orre | 970 81 570 | Kasserar og rekneskaps-førar | 2022 |
Jan Serigstad | Kong Sverres gate 17 4344 Bryne | 957 94 113 | Første vara | 2022 |
Kjell Olav Stangeland | Heiakråvegen 9, 4344 Bryne | 976 44 776 | Andre vara | 2022 |
V. Valkomité Arnstein Jonsbråten, Leif Jørgensen og Toril M. Aasland
VI. Revisor Jon Laland
VII. Styreaktivitet Styret har hatt 10 (7) møte og har behandla 53 (44) saker.
VIII. Kontingent
Kontingenten er kr 500,- og fylgjer kalenderåret. 4 møte i 2021 (januar, februar, mars og april) vart avlyste pga pandemien.Styret bestemte derfor at kontingenten skulle halverast, til kr.250,- for 2021. Årsmøtet for 2021 fastsette kontingenten for 2022 til kr. 500,-. Styret føreslår uendra kontingent, kr. 500,- for 2023. Nyinnmelde medlemmar etter 1. august betaler kr 250,- for resten av året. Medlemmar betaler ikkje inngangspengar på møta. Ikkje-medlemmar betaler kr 100,-. Vi har avtalt med Pensjonistuniversitetet i Stavanger at deira og våre medlemmar gjensidig går gratis på einannans førelesingar. Kontingenten for 2023 skal godkjennast av årets årsmøte.
IX. Programmet i 2021
Det har vore 5 (6) førelesingar i 2021. Frammøtet i mai var 68 personar, i august 93 personar, i september 60 personar, i oktober 103 personar, i november 60 personar. Til saman 384 personar møtte på dei 5 arrangementa. (I fjor var det til saman 634 personar som møtte på 6 arrangement.) Her er namn på førelesarane og emne for 2021:
Mai: Terje Tvedt: Dei lange linjers historie, og forholdet mellom USA og Kina.
August: Einar Haukås: Kva skjer i kreftforskinga?
September: Anne Mangen: Lesing på skjerm og papir.
Oktober: Ine Fintland: Kva skjedde med jødane på Jæren under 2. verdskrig?
November: Sven Egil Omdal: Stavanger forma Norge, men først forma Jæren Stavanger. Tore Renberg var sett opp som føredragshaldar, men måtte melda forfall pga sjukdom. Sven Egil Omdal stilte opp på kort varsel.
Møtestad: Pga smittevernreglar, er dei tre første møta er haldne i Storstova. Dei to siste møta er haldne i Storsalen, Time bibliotek. JSU takkar for utvist velvilje og godt samarbeid med dei to institusjonane.
Økonomi og rekneskap
Det har vore eit spesielt år pga pandemien. Det har medført avlyste møte, redusert kontingent og leige av Storstova. Inntektene er derfor reduserte i høve til tidlegare år. For første gong har JSU gått med eit lite underskot, kr. 2751,-. Likevel vil vi seia at øknomien er solid og god.
Rekneskapen for 2021 er godkjent av revisor.
Kommentar:
1) Bankinnskot er summen av brukskonto og sparekonto.
Rekneskap 2021 og 2020
Inntekt | 2021 |
| 2020 | Bank | |
Medlemskontingent | 38950 | 64750 |
| ||
Billettinntekt | 8000 |
| 20400 |
| |
Rente bank | 1416 | 4936 |
| ||
Sum inntekt | 48366 |
| 90086 |
| |
Utgift | 2021 |
| 2020 | Bank | |
Honorar førelesarar | 16800 |
| 20400 |
|
|
Reise og forpleiing førelesarar og styre | 29113 |
| 24187 |
|
|
Rekvisita | 89 |
| 3904 |
|
|
Annonser | 3178 |
| 4561 |
|
|
Andre adm. kostnader (porto, gebyr mm) | 1937 |
| 4333 |
|
|
Sum utgift | 51117 |
| 57385 |
| |
Resultat 2021 | -2751 |
|
|
|
|
Resultat 2020 |
|
| 32701 |
|
|
Kontantar i kassen | 600 |
| 600 |
|
|
Bankinnskott 31.12.2020 |
|
|
|
| 404277 |
Bankinnskott 31.12.2021 |
|
|
|
| 400926 |
Styret i JSU takkar alle medlemmene for godt oppmøte og støtte.
Bryne, 16. februar 2022
Tom Hetland Åse Helgeland Turid Løge Hagerup
Berit Ree Magnussen Finn Audun Bohne Tore Wiig
Guri Bergsaker Stokkeland Kjell Olav Stangeland

