top of page

Årsmelding 2020

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • 17. feb. 2021
  • 3 min lesing

Oppdatert: 2. sep.

Jæren SeniorUniversitet Årsmelding 2020

 

  1. Organisasjon og formålJSU er ein møtestad for alle seniorar uansett alder. Gjennom foredrag/forelesingar blir det gitt innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse. I tillegg kan det arrangerast ekskursjonar og turar. JSU er ein sjølvstendig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret. Alt arbeid for organisasjonen er frivillig. JSU har ikkje betalte tilsette.


  2. Vedtekter Vedtektene vart justert i 2019 og er å finna på heimesida til JSU.

     

  3. Medlemmer 

    Medlemmer ved årsskiftet: 133 (138).

    Kommentar: Tala i parentes i meldinga refererer seg til status for 2019.

     

  4. Styret har i 2020 hatt denne samansetninga: 







MEDLEMMER

 

Adresse

Telefon

e-post

Funksjon

På val

Tom Hetland

Stemmen 1

 

4346 Bryne

911 87 478

leiar

2021

Åse Helgeland

Eivindsholv 6, 4345 Bryne

928 18 605

nestleiar

2021

Øyvind Nordsletten

Hognestadvegen 278, 4346 Bryne

992 60 287

styremedlem

2021

Turid Løge Hagerup

Gjærsmyrv. 18,

4341 Bryne

911 81 246

styremedlem

2022

Kristian Staveland

Kolheiv 6, 4340 Bryne

971 95 325

sekretær

2021

Berit Ree Magnussen

Eikeberget 10 4340 Bryne

975 10 246

styremedlem

2022

 

Tore Wiig

Nordsjøv. 1247

 

4343 Orre

970 81 570

Kasserar og rekneskaps- førar

2022

Jan Serigstad

Kong Sverres gate 17 4344 Bryne

957 94 113

Første vara

2021

Guri Bergsaker Stokkeland

Amtmann Årrestadsgate 25,

4344 Bryne

952 12 595

Andre vara

2021

  1. Valkomité Arnstein Jonsbråten, Maria Hauge og Leif Jørgensen 


  2. Revisor Jon Laland 


  3. Styreaktivitet Styret har hatt 7 (9) møte og har behandla 44 (55) saker. Styremøta i mars, april og mai måtte avlysast pga. koronanedstenginga.


  4. KontingentKontingenten er kr 500,- og fylgjer kalenderåret. Årsmøtet 2020 fastsette kontingenten for 2021. Styret foreslår uendra kontingent for 2022. Nyinnmelde medlemmer etter 1. august betaler kr 250,- for resten av året. Medlemmer betaler ikkje inngangspengar på møta. Ikkje- medlemmer betaler kr 100. Kontingenten for 2022 skal godkjennast av årets årsmøte.


  5. Programmet i 2020

Det har vore 6 (9) førelesingar i 2020. Frammøtet for dei to møta i vårsemesteret var 104

(108) personar i snitt, og i haustsemesteret 103 (120). Til saman 634 (1024) personar møtte på dei 6 (9) arrangementa. Her er namn på forelesarane og emne for 2020:


Januar: Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: Politikaren Arne Garborg: Samfunns- og kultursyn i Kristiania-romanane og i politiske artiklar på same tid og seinare.


Februar: Osmund Ueland: Norsk jernbaneutvikling – viktig nok?


August: Sverre Nesvåg: Bør narkotikabruk avkriminaliserast?


September: Siri Bjorland: Korsryggplager – fysisk skade eller ufarleg tilstand?


Oktober: Jan Arild Snoen: Presidentvalet i USA 2020


November: Kalle Moene: Den ulike likheten – om forskjeller i Norge

 

Møtestad: Dei tre første møta er haldne i Time bibliotek, augustmøtet med maksimum 50 personar i lokala pga. smittesituasjonen. Resten av møta i haustsemesteret var i Storstova på Bryne. JSU takkar for utvist velvilje og godt samarbeid med dei to institusjonane.


I mars var JSU medarrangør for ein konsert i Storstova med Britt-Synnøve og Svein Ragnar Myklebust: Ein kveld med Taube og Vreeswijk. I november var styret medarrangør for konserten med Britt-Synnøve med temaet Frå Champs-Elysees til Storhaug alle.


Økonomi og rekneskap


Økonomien er god. Opparbeidd kapital gir rom for å henta inn føredragshaldarar frå andre delar av landet, gjera eventuelle investeringar i utstyr og tilby redusert årskontingent i etterkant dersom programmet av ulike årsaker ikkje kan gjennomførast som planlagt .


Rekneskapen for 2020 er godkjent av revisor. Kommentar:


1) Bankinnskot er summen av brukskonto og sparekonto.


Rekneskap 2020 og 2019

Inntekt

2020

 

2019

Bank


Medlemskontingent

64750

 

68250

 

 

Billettinntekt

20400

 

53400

 

 

Rente bank

4935,79

 

3898

 

 

Sum inntekt

90085,79

 

125548

 

 

Utgift

2020

 

2019

Bank


Honorar førelesarar

20400

 

24000

 

 

Reise og forpleiing av førelesarar og styre og leige av Storstova

24186,70

 

62149

 

 

Rekvisita

3904

 

993

 

 

Annonser

4561,46

 

5646

 

 

Andre adm. kostnader (porto, gebyr mm)

4332,79

 

2067

 

 

Sum utgift

57384,95

 

94855

 

 

Resultat 2020

32700,84

 

 

 

 

Resultat 2019

 

 

30693

 

 

Kontantar i kassen

600

 

500

 

 

Bankinnskott 31.12.2019

 

 

 

 

372576

Bankinnskott 31.12.2020

 

 

 

 

404277

Styret i JSU takkar alle medlemmene for godt oppmøte og støtte.


Bryne, 17. februar 2021

 

 

Tom Hetland

 

Åse Helgeland

 

Turid Løge Hagerup

Berit Ree Magnussen

Øyvind Nordsletten

Kristian Staveland

Tore Wiig

Guri Bergsaker Stokkeland

Jan Serigstad


Siste innlegg

Se alle
Protokoll årsmøte 2025

Årsmøte i Jæren Senioruniversitet  27.mars 2025 Til stades: 23 medlemmar   Opning ved leiar Tom Hetland kl. 12.50   I.                    Val av referent .    Styret sitt forslag: Guri Bergsaker Stokk

 
 
Protokoll årsmøte 2024

Årsmøte i Jæren Senioruniversitet  21.mars 2024 Til stades: 36 medlemmar   Opning ved leiar Tom Hetland kl. 13.00.   I.                    Val av referent .    Styret sitt forslag: Guri Bergsaker Stok

 
 
bottom of page