top of page

Årsmelding 2019

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • 19. feb. 2020
  • 3 min lesing

Oppdatert: 2. sep.

Jæren SeniorUniversitet

Årsmelding  2019


 I.          Organisasjon og formål

JSU er ein møtestad for alle seniorar uansett alder. Gjennom  foredrag/forelesingar blir det gitt innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse. I tillegg kan det  arrangerast ekskursjonar og turar. JSU er ein sjølvstendig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret. Alt arbeid for organisasjonen er frivillig. JSU har ikkje betalte tilsette.


II.          Vedtekter

Vedtektene vart justert i årsmøtet for 2019. Dei er å finna på heimesida til JSU.


III.          Medlemmer

Medlemmer ved årsskiftet: 138 (139).

Kommentar: Tala i parentes i meldinga refererer seg til status for 2018. 


IV.            Styret har i 2019 hatt denne samansetninga:






MEDLEMMER

 

Adresse

Telefon

e-post

Funksjon

På val

Tom Hetland

Stemmen 14346 Bryne

911 87 478

leiar

2020

Åse Helgeland

Eivindsholv 6, 4345 Bryne

928 18 605

nestleiar

2021

Øyvind Nordsletten

Hognestadvegen 278, 4346 Bryne

992 60 287

styremedlem

2021

Turid Løge Hagerup

Gjærsmyrv. 18, 4341 Bryne

911 81 246

styremedlem

2020

Kristian Staveland

Kolheiv 6, 4340 Bryne

971 95 325

sekretær

2021

Berit Ree Magnussen

Eikeberget 10 4340 Bryne

975 10 246

styremedlem

2020

Tore Wiig

Nordsjøv. 12474343 Orre

970 81 570

Kasserar og rekneskaps-førar

2020

Jan Serigstad

Kong Sverres gate 17 4344 Bryne

957 94 113

Første vara

2020

Guri Bergsaker Stokkeland

Amtmann Årrestadsgate 25, 4344 Bryne

952 12 595

Andre vara

2020

V.          Valkomité Arnstein Jonsbråten, Siv Aasland og Maria Hauge


VI.          Revisor Jonn-Borger Magnussen


VII.          Styreaktivitet Styret har hatt 9 (9) møter og har behandla 55 (56) saker.


VIII.          Kontingent    

Kontingenten er kr 500,- og fylgjer kalenderåret. Årsmøtet 2019 fastsette kontingenten for 2020. Styret foreslår uendra kontingent for 2021. Nyinnmelde medlemmer etter 1. august betaler kr 250,- for resten av året. Medlemmer betaler ikkje inngangspengar på møta. Ikkje-medlemmer betaler kr 100. Kontingenten for 2021 skal godkjennast av årets årsmøte.


IX.          Programmet i 2019

Det har vore ni (åtte) førelesingar i 2019. Frammøtet i vårsemesteret var 108 (126) personar i snitt, og i haustsemesteret 120 (142). Til saman1024 (1070, eitt møte mindre). Her er namn på førelesarane og emne for 2019:


Januar: Gudleiv Bø: Jesus frå Jæren. Arne Garborgs kristendom


Februar: Jostein Magnussen: «Tingenes internett», kunstig intelligens og stemmestyrte   dingsar


Mars: Kristian Steinnes: Brexit – kvifor, korleis og kva nå?


April: Siri Kalvig: Greier Rogaland det grønne skiftet?


Mai: Ove Njå: Kan me føla oss trygge i tunnelane?


August: Samarbeid med Jærbladet Bothild Å Nordsletten: Jærlandbruket i framtida: Dekk & diesel eller grønt lokomotiv?


September: Elisabeth Gråbøl-Undersrud: Bio- og genteknologi – nyvinningar og etiske dilemma


Oktober: Einar Wigen: Det nye, autoritære Tyrkia


November: Møte med forfattaren Roy Jacobsen

Møtestad: Alle møta er haldne i Time bibliotek. JSU takkar for utvist velvilje og godt samarbeid.

Femte september vart det arrangert ekskursjon for 48 deltakarar til Figgjo AS og tur på Ørsdalsvatnet med grillmat og to landgangar.


X.          Økonomi og rekneskap

  • Økonomien er god. Opparbeidd kapital gir rom for å henta inn føredragshaldarar frå andre delar av landet og gjera eventuelle investeringar i utstyr.

Rekneskapen for 2019 er godkjent av revisor.


Kommentar:


1)     Bankinnskot er summen av brukskonto og sparekonti.


2)     Grunnen til auka billettinntekter og reise- og forpleiingsutgifter er i hovudsak rekneskapsføringa av ekskursjonen 5. september og auka utgifter til reise og opphald for meir langreiste førelesarar. To reiserekning for 2018 kom ikkje inn før i 2019-rekneskapen. Difor er  utgiftene for 2018 lågare enn reelt.


3)     Medlemmene på ekskursjonen vart subsidierte med til saman kr 8590,-


Rekneskap 2019 og 2018  

Inntekt

2019

 

2018

Bank


Medlemskontingent

68.250

 

70.500

 

 

Billettinntekt

53.400

 

39.450

 

 

Rente bank

3898

 

604

 

 

Sum inntekt

125.548

 

110.554

 

 

Utgift

2019

 

2018

Bank


Honorar førelesarar

24.000

 

30.000

 

 

Reise og forpleiing førelesarar og styre

62.149

 

23.430

 

 

Rekvisita

993

 

1135,60

 

 

Annonser

5646

 

4567

 

 

Andre adm. kostnader (porto, gebyr mm)

2067

 

2045

 

 

Sum utgift

94.855

 

61.179

 

 

Resultat 2019

30.693

 

 

 

 

Resultat 2018

 

 

49.375

 

 

Kontantar i kassen

 

 

500

 

 

Bankinnskott 31.12.2018

 

 

 

 

340.883

Bankinnskott 31.12.2019

 

 

 

 

372.576


Styret i JSU takkar alle medlemmene for godt oppmøte og støtte.

Bryne, 19.  februar 2020

 

Tom Hetland                           Åse Helgeland             Turid Løge Hagerup

Berit Ree Magnussen             Øyvind Nordsletten                Kristian Staveland

Tore Wiig                                 Guri Bergsaker Stokkeland                  Jan Serigstad

Siste innlegg

Se alle
Protokoll årsmøte 2025

Årsmøte i Jæren Senioruniversitet  27.mars 2025 Til stades: 23 medlemmar   Opning ved leiar Tom Hetland kl. 12.50   I.                    Val av referent .    Styret sitt forslag: Guri Bergsaker Stokk

 
 
Protokoll årsmøte 2024

Årsmøte i Jæren Senioruniversitet  21.mars 2024 Til stades: 36 medlemmar   Opning ved leiar Tom Hetland kl. 13.00.   I.                    Val av referent .    Styret sitt forslag: Guri Bergsaker Stok

 
 
bottom of page