top of page

Årsmelding 2011

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • 9. feb. 2012
  • 2 min lesing

Oppdatert: 2. sep.

Jæren Senioruniversitet (JSU) vart stifta 28. april 2011.


1.Interimstyre


Namn


Egil Harald Grude

Helge Lande

Gudrun Håland

Gerd Marie Aa Bekkeheien

Ingeborg Kristiansen

Hallvard Nordås

Dagfinn Carlsen

Lars Sigve Meling

Funksjon


Styreleiar

Nestleiar

Rekneskap

Kasserar

Styremedlem

Styremedlem

Sekretær/dagleg leiar

Varamedlem


2.Organisasjon og formål


JSU er ein møtestad på dagtid for alle seniorar uansett alder. Gjennom forelesingar/foredrag blir det gitt innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse. I tillegg kan det arrangerast ekskursjonar og turar. JSU er ein sjølvstendig organisasjon tilmeldt Brønnøysundregisteret. Alle seniorar kan bli medlemmer.Alt arbeid for organisasjonen er frivillig. JSU har ikkje betalte tilsette.


3.Vedtekter


Vedtektene skal godkjennast av årsmøte. Du finn dei under vedtekter i menyen eller ved å klikka her.


4.Styreaktivitet


Det første året har vore innhaldsrikt. Det er avhalde 5 møter i styret og 50 saker er behandla. Arbeidet med forelesingsprogrammet er utfordrande.


5.Program


JSU legg opp til fire forelesingar kvart semester og i tillegg ein ekskursjon i vårsemesteret. Programmet for haustsemesteret 2011 har vore:


Torsdag 29.09.: sjefredaktør i Stavanger Aftenblad Tom Hetland

”Norsk politikk etter valet – mine refleksjonar som politisk kommentator”


Torsdag 27.10.: ass. direktør i Helsetilsynet, lege Geir Sverre Braut”Velferdsstaten i brytning – tankar om utvikling av helse- og sosialtenestene”


Torsdag 24.11.: seniorrådgjevar i Statoil, geolog Per Arne Bjørkum”Sannheter i forandring – eksempler fra vitenskapens historie”


JSU har så langt vore ein suksess og ved utgangen av året var medlemstalet 130.I gjennomsnitt har foredraga samla 125 tilhøyrarar.Førebels har JSU lagt seg på ei linja der forelesarane har lokal tilknyting.


6.Samarbeid


Alle møtene har vore i Time bibliotek og JSU takkar biblioteket for eit godt samarbeid. Det store frammøte har ført til at det ikkje er plass nok i auditoriet. Med velvilje frå biblioteket er dette løyst slik at vi nå har plass til 150.


7.Økonomi


JSU har fått eit oppstartbidrag på kr 3.000 frå Time kommune. Bortsett frå dette, som er eit eingongsbidrag, har JSU ikkje motteke offentleg støtte i 2011. Einaste inntekt har vore medlemskontingent og billettsal. Styret har av denne grunn auka kontingenten frå kr 400 til kr 500. Inngangspengane for ikkje-medlemmer er auka til 100 kroner. Medlemmer betaler ikkje inngangspengar på møtene. Ekskursjonar vil vera til sjølvkost og medlemmer har prioritet.


8.Rekneskap

Får du ikkje åpna fila, kan det vera du manglar Adobe Reader. Dette kan lastas ned her.


Bryne, 9. februar 2012

Egil Harald Grude (sign); Gerd Marie Aase Bekkeheien (sign); Dagfinn Carlsen (sign); Gudrun Håland (sign); Ingeborg Kristiansen (sign); Helge Lande (sign); Hallvard Nordås (sign); Lars Sigve Meling (sign);

Siste innlegg

Se alle
Protokoll årsmøte 2025

Årsmøte i Jæren Senioruniversitet  27.mars 2025 Til stades: 23 medlemmar   Opning ved leiar Tom Hetland kl. 12.50   I.                    Val av referent .    Styret sitt forslag: Guri Bergsaker Stokk

 
 
Protokoll årsmøte 2024

Årsmøte i Jæren Senioruniversitet  21.mars 2024 Til stades: 36 medlemmar   Opning ved leiar Tom Hetland kl. 13.00.   I.                    Val av referent .    Styret sitt forslag: Guri Bergsaker Stok

 
 
bottom of page