Hopp til innhaldet
Jæren Senior Universitet

Program våren 2013

Torsdag 31.januar:

Torstein Jørgensen: Rogaland og Roma – Rogalandsbrev til Paven

Portrett av ein mann med runde briller, kort hår og lite skjegg, føredragshaldar i programmet














Torstein Jørgensen er professor i kyrkjehistorie ved Misjonshøgskolen og ved Senter for middelalderstudier ved UiB. Han har m.a. arbeidd med historiske religionsskifteprosessar. Sidan slutten av 1990-talet spesialstudium i Vatikanarkivet i Roma der han fann om lag 150 hittil ukjende middelalderbrev frå Noreg til pavestolen.


I breva søkjer folk m.a. paven om absolusjon for ulike synder. Frå dette studiet har han gitt ut to bøker: Brev til Paven – Norske forbindelser med Den hellige stol i senmiddelalderen, og Synder og Pavemakt – Botsbrev fra Den norske kirkeprovins og Suderøyene til Pavestolen 1438-1531. Foredraget ved JSU vil byggja på og gje smakebitar frå desse siste studia.


Torsdag 28.februar:

Pål Dag Line: Organtransplantasjonar i Noreg

Svart-kvitt portrett av ein smilande mann i dress og stripete slips















Lege Pål Dag Line er avdelingsleiar for Avdeling for transplantasjonsmedisin ved Oslo universitetssykehus. Utdanna lege i 1987 med medisinsk doktorgrad frå UiO i 1996. Spesialist i generell kirurgi, karkirurgi og transplantasjonskirurgi (European Board of Surgery). Styremedlem og Noregs representant i Scandiatransplant. Leiarutdanning frå Norges Handelshøgskole.


Torsdag 21.mars:

Bjørn Hille: Med Jæren friluftsråd – Ute heile året

Eldre mann held fram ei gjennomsiktig, foldeformig plate ute, føredragshaldar i programmet










Bjørn Hille er dagleg leiar i Jæren friluftråd. Tidlegare lærar i Bjerkreim kommune og deretter kultursjef i same kommune. Fritidssjef i Sandnes 1994-2000. Frå 2001 dagleg leiar i Jæren friluftsråd. Han har i mange år vore med i frivillig arbeid for barn og unge. Ansvar for Bjerkreimrevyen i 25 år og meiner sjøl at han er «meir eller mindre gal».


Torsdag 25.april:

Jostein Berglyd: Jærbuer i krigsdrama – Forspill og tragedier 1940-1942

og Asgeir Lode: Engladsfararane – Ein jærsk tragedie 1941-1945

To forfattarar – to bøker – same tema

Jostein Berglyd med briller, brun fløyelsjakke og mønstra slips mot kvit bakgrunn
Jostein Berglyd
Asgeir Lode med krøllete grått hår og mørk jakke mot grå bakgrunn
Asgeir Lode
















Jostein Berglyd er cand. philol med historie hovudfag, engelsk og tysk. Han har arbeidd som lektor i vidaregåande skole, og har gitt ut ni bøker. Dei fleste med tema frå perioden 1939-1945. Operasjon Freshman (2005) vakte stor merksemd og blei oversett til engelsk og svensk. Dramaet i Jøsingfjorden (2008) blei kjøpt inn av Norsk Kulturråd.


Asgeir Lod er cand.philol./ lektor med hovudfag i historie. Han er journalist i Stavanger Aftenblad. I boka som kom ut i oktober 2012 har han gjort djupdykk i historia om far sin, Tønnes S. Lode, og dei andre englandsfararane. Ei histoirie som har vore fortia i generasjonar og som var i ferd med å forsvinna for alltid.


Torsdag 30.mai:

Wenche Frølich: Sunn mat gir god livskvalitet


Wenche Frølich har vore professor i mat- og ernæringsvitskap ved Universitetet i Stavanger sidan 2001. Ho er utdanna biokjemikar frå Universitetet i Oslo og har doktorgrad og dosentgrad i industriell ernæring og matvarekjemi frå Lunds Universitet i Sverige. Leiarutdanning frå Norges Handelshøgskole. Ho har vore medlem i nærare 90 styre og komitéar nasjonalt og internasjonalt; mellom anna styreleiar i Forbrukarrådet, diverse styre i Norges Forskningsråd, Bioteknologinemda, Statens Ernæringsråd, Vitenskapskomitéen for Mattrygghet, bedømmingskomitár for ulike universitet i Austerrike og Sverige, og ei rekke EU prosjekt og komitéar i Bryssel. Ofte brukt av media i dialogar, debattar og som artikkelforfattar.


I tillegg til mange vitskaplege artiklar, har ho skrive over 900 populærvitskaplege artiklar og er forfattar av 15 bøker.

FacebookE-post
0 visninger

Siste innlegg

Se alle