top of page

Program hausten 2011

  • Forfatterens bilde: Webmaster
    Webmaster
  • 16. juni 2011
  • 1 min lesing

Torsdag 29.09.: Sjefredaktør i Stavanger Aftenblad Tom Hetland: “Norsk politikk etter valet– mine refleksjonar som politisk kommentator.”

ree











Tom Hetland har hovudfag frå Universitetet i Bergen med norsk og russisk i fagkretsen.Tilsett i SA sidan 1986, frå 2002 som sjefredaktør. Språkpris frå Mediemållaget i 2007.


Torsdag 27.10.: Ass. direktør i Helsetilsynet: Geir Sverre Braut: “Velferdsstaten i brytning – tankar om utvikling av helse- og sosialtenestene.”

ree














Geir Sverre Braut vart utnemnd som ass. dir. i Helsetilsyn 1. april 2002. Han er cand. med., godkjent spesialist i samfunnsmedisin  og har folkehelseutdanning frå Nordiska Hälsovordshögskolan i Göteborg. Førstelektor II ved Høgskolen Stord/Haugesund.  Fylkeslege i Rogaland frå 1994 til 2001.


Torsdag 24.11.: Seniorådgjevar i Statoil/geolog Per Arne Bjørkum:Sannheter i forandring – eksempler fra vitenskapens historie”

ree










Per Arne Bjørkum er cand. real. innanfor petroleumsgeologi og har doktorgrad (dr. philos) frå UiO, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet. Tilsett i Statoil frå 1990. Professor II ved UiB og UiS. Kjent som forfattar av boka “Annerledestenkende” som handlar om vitenskapsmenn og forskarar som vågar utfordra vedtekne sanningar i samtida.


Forelesingsstart kl 11. Kaffipause og diskusjon.

bottom of page